FDV Busker og koniferer

Eit godt FDV-dokument er avgjerande for å sikre at plantane får rett stell og kan utvikle seg optimalt over tid.

Klingsheim Planteskole - 4339

Har du prøvd plantelisten?

Plantelista kan sorterast etter følgjande: høgde, farge, hardførheit og blomstringstid, ved å trykkje på overskriftene. Det er ikkje alltid vi har alle sortar på lager.

Se plantelisten for sorter.

Planting:           

Ta av potta før planting, men la eventuell strie eller nett være på. Ser det stramt ut i toppen kan det løyses litt etter at planta er plassert i plantehullet. Dei aller fleste planter skal bli planta slik at toppen av klumpen er jevnt med jordoverflata, men er det ekstra tung jord kan klumpen godt stikka litt over. Dette gjeld også om ein bruker bark. Då skal toppen av klumpen vere jevnt med toppen av barken. Roser og Clematis er unnatak og må plantas djupare. Planteklumpen skal vere heilt gjennomvåt ved planting.

Jord:

Det er viktig at jorda er godt nok drenert, samtidig som den kan holda på næring og fukt. Vær ekstra påpasseleg med god drenering til Rhododendron. Dersom man tilset veksttorv eller kukompost ved planting, bør dette blandas med jorda på staden. Jorda bør inneholde minst mogleg ugrass, og i alle fall ikkje rotugras.

Vatning:

Det er viktig å vatne tilstrekkeleg, særleg i etableringsfasa. Pass på at vatnet kjem seg heilt ned i rota og ikkje berre gjer det fuktig i det øverste laget. Det må kun vatnas når det er behov for det. For mykje vatn kan skade plantene.

Gjødning:

Ein bør gi gjødning tre gonger i sesongen, vår, sumar og seinsumar. Nyttar ein fullgjødning vil ca 50-60 gram pr m2 passe for dei flest sortar i «normal» jord. Bruk litt mindre på småblada Rhododendron.

Ugras:

Ein bør fjerne ugraset regelmessig. Dekkbark eller liknande kan brukas for å redusere arbeidet.

Kvisting:

Ein skjer etter korleis ein ynskjer at planta skal sjå ut. Vårblomstrande buskar bør skjerast rett etter blomstring. Frukt og bær må tynnast slik at det blir nok lys og luft til fukta. Det er viktig å nytte fagfolk til både planting og skjøtsel.

Produksjon

I dag har me produksjon av følgjande planter. Me kjøper også inn prydtrær både av norske og utenlandske leverandørar som kun er for vidare sal.

Mer informasjon?

Ønsker du mer informasjon om hvordan Sunnhordland Planteskule kan være riktig for deres prosjekt? Ta kontakt for en uforpliktende prat.